Framsyningskappleiken Leikfesten Billettprisar Kjøp billettar!

Når Leikarringen feirer 100 år skal det gjerast stort. Målet er sjølvsagt at Jubelleik-helga skal minnast i tiår framover! Det blir fullt program heile laurdagen med Framsyningskappleik på dagtid og dansefest på kvelden med dans i fleire salar og den beste dansemusikken som kan oppdrivast.

Leikfest

Laurdagskvelden blir det stor leikfest, eller dansefest, i Nynorskens Hus. Det blir dans i Teatersalen og Lagsrommet. I løpet av kvelden skal me innom både runddans, bygdedans, turdans og songdans. Med andre ord, noko for einkvar smak! Det blir mellom anna dans til Lendmenn, og Åsmund Reistad, Ole Nilssen og Vegar Vårdal.

Det vil bli servert småmat på fjøl i, men ingen stor middag på dekka bord. Det er dansen som skal stå i fokus denne kvelden.

Program

18.00: Dørane opner.
19.00: Dansen byrjar i Teatersalen.
01.00: Den offisielle festen avsluttast med broderring.
01.10 og utover: Teatersalen står open for dei som ønskjer å halde fram å danse utover natta. Fritt fram for spelmenn å dra i gang musikk!

Musikarar:

  • Lendmenn
  • Ole Nilssen
  • Vegar Vårdal
  • Åsmund Reistad
  • Maria Skjeldrum Toppe
  • Kristoffer Kleiveland
  • Runar Hanevold
  • Pål Bratås
  • Åsmund Fauske Jøtun
  • Per Sandberg
  • Brøst
Leikfest i Teatersalen

Framsyningskappleiken

Framsyningskappleiken

Framsyningskappleiken er ei tevling i å ha det beste framsyningsprogrammet med norsk folkedans. Sjølve kappleiken vil bli gjennomført på Det Norske Teatret i profesjonelle omgjevnadar. Alle som vil kan delta så lenge dei held seg innafor tevlingsreglementet.

Dørane opner kl. 12.30
Første tevlingslag går på scena kl. 13.00
Framsyningskappleiken er slutt seinast kl. 16.00

Meld på laget ditt no!

Tevlingsreglement

  • Minst 4 deltakarar (inkluderar både dansarar og musikarar).
  • Kvar gruppe framfører eit program på opptil 10 minutt. Grupper som går over tida vert diskvalifisert.
  • Programmet skal på ein eller annan måte fortelje noko om det laget og/eller det lokalmiljøet som gruppa kjem frå. Det kan gjerne innehalde anna stoff enn dans og musikk som rammer eller innslag.
  • Skal omfatte minst 2 av dei 6 hovudtypane av dans det blir arbeidd med innanfor Noregs Ungdomslag: Bygdedans, turdans, runddans, songleik, songdans og moderne dans (swing, linedance, tango, hip hop o.l.).
  • Bruker ein dansar frå andre land i framsyningsprogrammet, må dette vere knytt til tema for framsyninga.
  • Dei to siste punkta kan lempast på for tilreisande deltakarlag frå andre land.

Domarane legg vekt på:

  • Innhaldet.
  • Dansekompetansen til utøvarane.
  • Naturleg danseglede i framsyninga.
  • Har framsyninga eit klart mål?
  • Korleis ein bruker scenen .

Premiering

  • Dei tre beste laga vert i tillegg rangert.
  • Dommarane kan dele ut prisar til program som inneheld presentasjonar utover det vanlege, t.d. beste bygdedansframsyning, beste innslag frå barn, beste framføring av moderne dans, beste songdansinnslag, beste vokale folkemusikkinnslag o.s.b.
  • Dommarane ser òg på kva laget har fått ut av programmet med bakgrunn i føresetnadene sine.
  • Dommarane gjev ei samla skriftleg dommarvurdering av tevlinga, der det er ein kort kommentar til kvar gruppe.
  • I tillegg til dommarane, vil ein folkejury - tilfeldig plukka ut blant publikum - også kåre ein vinnar.

Meld på laget ditt no!

Røyst på ditt favorittlag (opnar kl. 13.00 den 26. oktober)

Billettprisar

Vaksen:

Heile dagen: kr. 400,–
Berre kvelden: kr. 350,–
Publikum Framsyningskappleik: kr. 100,–
Deltakar Framsyningskappleik (inkl. leikfest på kvelden): kr. 200,–

Under 20 år:

Heile dagen: kr. 250,–
Berre kvelden: kr. 200,–
Publikum Framsyningskappleik: kr. 50,–
Deltakar Framsyningskappleik (inkl. leikfest på kvelden): kr. 100,–

Alle som har billett til festen på kvelden får middag inkludert.

Barn under 12 år går gratis på alt, men må òg «kjøpe» billett.

Kjøp billettar!

Sponsorar: